torsdag 23. februar 2012

So This is Africa

Då vi kom fram til Joburg spurde vi først dama på flyet om kor vi skulle hente instrumenta våre(vi hadde laga ei ordning sidan vi ikkje fekk ta gitarane med som handbagasje); vi fekk éin beskjed frå ho, så ein heilt anna frå ei dame utanfor flyet, så endå éin ny beskjed då vi kom fram til skranken. Etter det måtte vi springe som faen gjennom heile flyplassen i løpet av 2 min for så å sitte og sveitte i 15 min på ein buss som etterkvart køyrde oss til flyet. Vi sat og kosa oss (Viljar kom med nokre særs dryge vitsar som eg skal la vere å sitere med omtanke for hans rykte og for lesarane si skuld). På flyet sovna Sturle og fekk derfor ikkje mat eller visumskjema; han vakna og skjønte ingenting, vi gav han ingen sympati. 

Då vi kom inn på flyplassen og fekk visuma våre (noko som tok oppunder 1 time utan å stå i kø), oppdaga vi at ingen av bagasjane våre hadde komme fram. Gjennom mykje bad craziness, sveitting og gebrokken kommunikasjon, fann vi ut av vi skulle få bagasjen tilsendt med neste fly frå Joburg, cool (ikkje eigentleg). Sturle og Viljar låg på golvet med macen då vi venta i ein evigheit for å få ordna bagasjen; dei fekk fort beskjed frå ein lovens offiser om at dei skulle reise seg(”No touching!”(”Fyfaen, han har fritids, ass!!”)). Ligging på golvet kan verke truande.

Deretter grafsa vi til oss litt meticais (”meticash”) før vi stakk ut i den intense varmen og Bjørnar vart blenda av den afrikanske sola (”Fyrste gongen eg ser den afrikanske sola, og den står –midt på- himmelen!”). Vi vart fort tilbudt nokre drosjer til ein pris på 700 met, ein pris som vart avslått med ein gong av Eivind (”Nooono, that´s too expensive”). Vi vart einige om 500met for og køyre oss til hotellet. Eg og Bjørnar køyrte i lag med tidenes mest aggressive drosjesjåfør som hadde love affair med bilhornet sitt (”horn eller fløyte… evt signalhorn” sitat BJ) og kom veldig nær på å drepe oss med eit av dei mest intense forbikøyringane eg nokon gong har opplevd. Eg gidd ikkje skrive meir.
(av Theo)

Med andre ord var kultursjokket stort med ein gong vi rulla inn i det fyrste vegkrysset! Sjåføren (Mr. Robert) køyrde veldig fort, men vi såg uansett ekte slum på kvar side av vegen. Søppel, bildekk, raud sand, murveggar, bølgjeblikktak, ungar som leika med geiter, og store reklamebanner for bl.a. Blackberries ruvande over murhusa. Murane var dekka med pepsi-/coca cola-/vodacom-reklamer og digre reklameskilt for andre produkt. Noko som gjorde at eg vart bra kvalm av korleis den vestlige verda driv på der nede. Måten den materialistiske/kapitalistiske verda kolliderte med ei verd der dagane går med til å kjempe for å brødfø sin eigen familie var urovekkande.

Vi kom kjapt fram til sentrale «Hotel Tamariz» i enden av Avenida Karl Marx (Long story short: Mosambik hadde kommunistisk styreform etter frigjeringa i 1975, så derfor var det mange «overraskande» gatenamn rundt omkring). Hotellromma hadde heldigvis luftkondisjoneringsapparat (og ullteppe?), slik at vi visste at vi kom til å overleve dei neste 4 nettene. Kakerlakkane låg fredfullt og sov på ryggen i gangen i 6. etasje og utsikta var kort til det indiske havet i Maputo Bay…

Ein taxitur fram og tilbake frå flyplassen seinare hadde vi all bagasjen på plass og sovna på romma våra (Theo og Bjørnar på nr 64, Viljar og eg på nr 65) med dørene opne (hei). Plutselig stod reiseleiar Eivind på rommet -han kom seg enkelt inn sidan dørene var opne- og klokka var blitt 19.00 (sov i tre timar). Då var det tid for lydprøve på ein Jazzbar (har gløymt namnet). Det var ingen gitarfosterkarar å låne på baren (ikkje at eg forventa det), men lydmannen var snill og flink og klarte å få litt vrenglyd på gitarane gjennom ein distortion-effekt på mixebordet. 
Vi møtte svenskane, Magdalena og Mathias, som spelar utruleg bra ilag. Vakker og stilig tradisjonell og original svensk folkemusikk sprang ut frå fiolinen til Magdalena og den irske bouzoukien til Mathias! Den irske bouzoukien er for dei som ikkje har peiling eit strengeinstrument tilnærma lik ein vanleg kassegitar J. Kvelden var ein suksess og vi fekk god respons på musikken (sjølv om vi mangla den ordentlige rockesounden i gitarane..). Club Shanga, frå Zimbabwe, avslutta kvelden. Dei vann fjorårets «Interregional Festival» (i Malawi) og fekk reise på turné til Barcelona. Dei hadde fullt show med vill dansing og skikkelige rytmar! Vi vart etter kvart godt kjend med medlemmane i Club Shanga dei neste daganeb (kanskje dei kjem til Noreg og spelar). Litt lokal øl ("Dosh Em") toppa den lange kvelden/dagen før vi sovna godt i våre nedkjølte hotellrom…(av Sturle)

Meanwhile at Frankfurt Train Station...

Okei, NO skal dåke endelig få vite korleis turen var! Vi har komme heilt heim og henta inn att søvn slik at vevlogginga endelig kan starte. Grunnen til at vi ikkje fekk gjort noko nede i Maputo var at festival-dagane hadde fullt program (kor alt vart forsenka på grunn av «african time»). Den internett-kafeen vi fann fram eine dagen vi hadde litt tid til overs var kun open frå klokka 19.00 til 06.30 om morgonen(!) så det var lite praktisk. Vi valde derfor å ikkje ofre liva/lommebøkene våre midt på natta for å oppdatere dåke… Uansett, les og sjå da dåke vil.  Har dåke fråger må dåke berre kommentere på innlegga!

So, what is Frankfurt really like?

Frå «Rapport 1» veit de allereie at vi vart forsinka 1 døgn i reisa vår og at vi planla å henge i Frankfurt heile onsdagen. Dagen starta med ein euforisk tysk frukost-buffet før vi tok tog til zentrum. Timane vi hadde til rådigheit vart brukt til å leite etter ein zoologisk hage (som til vår store skuffelse var under reparasjon/renovasjon), leike/klatre på ein leikeplass, ete på Makker’n, og vandre gatelangs for å sjå på skyskraparar. Vi tok og tog langt ut av byen for å sjå kor stygge alle forstadane i Tyskland er, men reiste så langt at vi knapt kom oss tilbake til flyplassen i tide. Tyskland er flatt, overbefolka, og dei et for mykje kjøt.
 
Flyturen til Johannesburg (South Africa) om natta var med sørvis-selskap nr 1, South African Airlines! Fekk eigen TV-skjerm m/touch, god flymat, og vi såg Drive til vi sovna. (Eg var oppe litt lenger for å grine til The Lion King.(”Simba has so many issues, he has to open up!! He doesn’t know it was Scar who is responsible for his father’s death.”) ( av Sturle)

mandag 13. februar 2012

Pakka ferdig!

Som de ser på bildet, har eg (Sturle) gjort klart alt eg treng ha med for 5 dagar i Mozambique!

- Boka "Charles Darwin -hans liv og lære"
- Maska
- 1 shorts og 1 boksarshorts
- Lonely Planet boka om Mozambique.
- Pass
- Cuddlebug
- Sveitteband
- Diverse tablettar.
- Solkræm

Seems to be everything :) Let's go to Africa!